Sogn og Fjordane, Psykolog

BEMÆRK! ANSØGNINGSFRISTEN ER OVERSKREDET, OG ANNONCEN ER UDLØBET!

Vis aktive job i denne kategori

PSYKOLOGSPESIALIST /PSYKOLOG - Psykisk helsevern / Psykiatrisk klinikk FSS



Helse Førde HF yter spesialisthelsetenester til dei******innbyggjarane i Sogn og Fjordane. Føretaket er i stadig utvikling for å gjere tilbodet best mogeleg innanfor dei rammene styresmaktene set og brukarane forventar.  Helse Førde har sjukehus og psykiatriske institusjonar i seks kommunar og ansvar for ambulanseteneste.  Tal på tilsette er omlag 2300, og budsjettet er på to milliardar kroner.  Føretaket er organisert i 4 klinikkar.  Det er det statlege Helse Vest RHF som eig Helse Førde.Helse Førde skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetnad, og å rekruttere kvalifiserte personar med innvandrarbakgrunn.


PSYKOLOGSPESIALIST /PSYKOLOG - Psykisk helsevern / Psykiatrisk klinikk FSS

Psykiatrisk klinikk er eit distriktspsykiatrisk senter som gjev allmennpsykiatriske tenester til 13 kommunar i Sunnfjord/Ytre Sogn med******innbyggjarar og sentralsjukehusoppgåver med akuttpost, ruseining, sikkerhetspost og sentralt ressursteam for******innbyggjarar. Ruseininga på Kyrkjebø ligg vakkert plassert ved Sognefjorden.

Psykologspesialist/psykolog på ruseininga på Psykiatrisk klinikk, Kyrkjebø i 100 % fast stilling frå snarast.

For stillinga krevast det dokumentert autorisasjon.
Helse Førde har prøvetid 6 mnd. for nytilsett arbeidstakar.
Det krevast godkjend tuberkulinprøve

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista.

Arbeidsoppgåver
Hovudvekta av arbeidet er utredning/diagnostikk og klinisk arbeid i form av individualterapeutiske oppgåver, samhandling med eksterne aktører og tverrfagleg samarbeid.

Utdanningsnivå
* Høgskule/universitet, hovudfag / mastergrad

Språk
* Norsk

Arbeidsstad
* Helse Førde, Førde

Utdanningsretning
* Psykologi

Kvalifikasjonar

  • Vi søkjer etter psykologspesialist som har norsk autoriasjon som klinisk psykolog. Det er ynskje om at du har spesialistutdanning innan rus, men ikkje eit krav. Psykolog under utdanning til psykologspesialist vert oppfordra til å søkje og vil få tilbod om dekking av utgifter til spesialisering. Søkjar under utdanning til psykologspesialist bør ha minst 2 års jobberfaring etter endt utdanning som psykolog. Søkjar må kunne kommunisere godt både norsk skriftleg og munnleg og ha gode evner til å kommunisere, samarbeide og til å tenkje heilskapleg.
  • Førarkort i klasse B.

Følgjande blir tilbydd

  • Psykisk Helsevern i Helse Førde ligg på topp i fleire nasjonale undersøkjingar bl.a. med låg bruk av tvang. Ruseininga på Psykiatrisk klinikk, Kyrkjebø har eit godt fagmiljø og har tilsett psykolog med doktorgrad og sosionom som held på med doktorgradsarbeid og andre som deltek i nasjonale forskingsprosjekter. Ruseininga på psykiatrisk klinikk gjev tilbod om avrusing, stabilisering og rehablitering og har ansvar for LAR pasientar. Ruseininga har tilsette innan miljøpersonale, familiterapeutar, psykolog, overlege, lege i spesialisering, spesialkonsulent rus, sosionom, helsesportpedagoger og aktivitørar. Ruseininga jobbar aktivt med samhandling med kommunar og tenkjer heilskapleg i høve ruslidingar. Det er høgt fokus på komorbide tilstandar og rusens funksjon i høve psykisk liding.
  • Vi kan tilby konkurransedyktige lønsvilkår og vi kan hjelpe til med å skaffe bustad. For tida tener psykologspesialistar opp 4 månader løna utdanningspermisjon etter 5 års teneste. Det vil vere mogleg å få all sin teneste på Psykiatrisk klinikk eller i nærområdet som ledd i utdanninga utan å måtte flytte.

Andre opplysningar
Stillingsbrøk: 100%
Fast

Referansenr.: ******           
Søknadsfrist:
15.04.2011

Kontaktinformasjon:

Christian Moltu    Kst. psykologspesialist    ******    
Tor Christopher Fink    Overlege    ******    
Svein Ove Alisøy    Avdelingssjef    ******/******

Udskriv

Virksomhed

Helse Førde HF
Mere om Helse Førde HF

Sted

Ansættelsesform

- Fuld tid

Id

659437

Kategori

Uddannelsesniveau

Universitet

Virksomheder